Smågutelaget: Gruben var for effektive

5. September 2008 by aga-gh

Heimekamp mot Gruben hadde ført til optimisme for smågutelaget. Og kampen begynte glimrande. Åga gjekk rett i angrep og skåra allerie i det første speleminuttet. Utover omgangen køyrde Åga rett og slett over Gruben, og det største miraklet i kampen var at det ikkje vart fleire mål for Åga i denne perioden. Men det vart rett og slett for tett inne i boksen, og ballen spratt feil. Likevel såg alt brå ut. Publikum venta på ketsjup-effekten.

Men så skjer det som i blant skjer. Det eine laget spelar fotball mens det andre skårar. Mot slutten av omgangen slappa Åga litt av, og Gruben fekk eit angrep der dei til alt overmål fekk ei heldig skåring.

I andre omgang var ikkje Åga på hogget. Konsentrasjonen svikta, og Gruben skåra to mål på under eitt minutt. Da Gruben kort tid etter gjekk opp til 4-1, var kampen køyrd. Men vi har sett det før denne sesongen: Åga held heile kampen. Mot slutten av omgangen tok Åga over att, brukte kantane, særleg høgresida var farleg, og Mathias sette inn 2-4. Åga hadde fleire sjansar til å pynte på resultatet, men det ville seg rett og slett ikkje denne kvelden. Gruben var grusamt effektive, og det var ikkje Åga. Men det var Åga som hadde best fasong på spelet. I denne kampen greidde spelarane også å halde litt meir på ballen før dei slo pasningane slik at det vart meir plan over spelet.

Magasinet, Smågutter 94-95    

En kommentar

  1. Kim Thomas sier:

    åga sku klart ha vert påmeldt i en divisjon under! Spelleran har jo ikke selvtilitt lengre og det synes ut på banen.

Skriv en kommentar

OBS!:
Det kan ta litt tid for din kommentar blir publisert.
Du trenger ikke å skrive den inn en gang til.