Siste oppdateringer:
- Aga/Mo Småjenter 95/96 infoside
- Håndballbilder
- Ski-cup 2009
- Organisasjon
- Fordeling av periodiske dugnader, lotterier med mer for 2009
- Ski-aktiviteten avlyses 12/1
Siste kommenterte poster:
- Torbjørn:
Det e kanonbra jobba, hilsen vardeentusiast! - storforshei-patriot:
Alle målene til Storforshei ble scoret av en 96-s - Kim Thomas:
åga sku klart ha vert påmeldt i en divisjon unde - Stig Bang:
RAJLLE!!! - Marianne:
Jepp ^^
Grupper:
Fellesinformasjon:
Hovedsponsor:
Våre sponsorer:
Arkiv:
Smågutelaget: Avslutta sesongen med 1-1- mot Gruben
aga-gh
Siste kamp for sesongen gjekk på bortebane mot Gruben, og Åga burde helst ha poeng for å sikre 4.plassen i serien. Gruben kom best i gang og hadde flest avslutningar, men utover i omgangen kom Åga meir med og hadde eit skott i stolpen. Likevel gjekk Gruben opp i 1-0 rett før pause på ei [...]
Smågutelaget: God 2. omgang mot Mo
aga-gh
Smågutelaget sin heimekamp mot Mo gjekk parallelt med at Rosenborg spelte 1. runde i UEFA mot Brøndby på Lerkendal. Og som på Lerkendal hadde heimelaget ein dårleg 1. omgang på Hauknes-banen, men kom mykje sterkare tilbake i 2. omgang.
Åga heldt nullen i 20 minutt inntil Mo fekk straffespark etter ei felling heilt på kanten av [...]
Smågutelaget: 0-8 mot Nesna
aga-gh
Måndagskveld borte mot Nesna. Det gjekk ikkje så bra. 0-5 etter 13 minutt, 0-8 til slutt, og svært heftig offsidevinking på linjemannen kvar gong Åga gjekk i angrep. Men det var opphaldsver gjennom heile kampen, nærast vindstille og heilt fritt for mygg og knott. Dessutan selde Nesna IL god sjokoladekake.
Smågutelaget: Årsbeste mot Bossmo & Ytteren
aga-gh
Smågutelaget presterte klart årsbeste mot B&Y. I regnver og sterk vind på langs av banen slo laget til som dei ikkje har gjort før i år. Her var det kontante taklingar, bevegelse utan ball, avdriblingar og pasningar. B&Y har jo tidlegare vist seg som ein svært vanskeleg motstandar, og publikum sat og tenkte på baklengsmåla [...]
Smågutelaget: 1-9 mot Mo
aga-gh
Veret var flott på Moheia, kampen slutta med 9-1 til Mo etter 7-0 ved pause. Ole hadde ein kjempeomgang mellom stengene, og Henrik skåra målet.
Smågutelaget: Gruben var for effektive
aga-gh
Heimekamp mot Gruben hadde ført til optimisme for smågutelaget. Og kampen begynte glimrande. Åga gjekk rett i angrep og skåra allerie i det første speleminuttet. Utover omgangen køyrde Åga rett og slett over Gruben, og det største miraklet i kampen var at det ikkje vart fleire mål for Åga i denne perioden. Men det vart [...]
Smågutelaget: God innsats mot serieleiaren
aga-gh
Smågutelaget stilte med stor kampvilje og viste imponerande innsats i heimekampen mot Nesna. Nesna er suveren serieleiar, men dei fekk ikkje noko gratis mot Åga. Forsvaret jobba steinhardt, og dei heldt buret reint nesten heile 1. omgang. Men rett før pause glapp det, og Nesna gjekk opp til 1-0.
2. omgang arta seg som første: Nesna [...]
Smågutelaget: Bossmo & Ytteren ein vanskeleg motstandar
aga-gh
Haustsesongen starta med ein tøff bortekamp mot Bossmo & Ytteren for smågutelaget. Kampen viste at B&Y er ein svært vanskeleg motstandar for Åga. Her blir det real stryk, i alle fall resultatmessig. Både Nesna og Mo har slått B&Y, og mot desse to laga greier Åga seg mykje betre enn mot B&Y. Pussig.
Denne kampen begynte [...]
Smågutelaget: 3-1 og 0-3 før ferien
aga-gh
Dei to siste seriekampane før ferien for smågutelaget endte med ein siger og eitt tap. Det vart først 3-1 borte mot Gruben, mens heimekampen mot Mo slutta med 0-3.
Det har vore ein tøff vårsesong der gutane har møtt lag som jamt over har eldre spelarar. Men gutane har stått på, og innsats og kampvilje har [...]
Smågutelaget: 1-3 mot Nesna
aga-gh
Før kampen visste vi at Nesna er vanskelege å slå på eige krøllgras. I tillegg har Åga hatt ein tendens til å sleppe inn baklengsmål i opningsminutta. Denne gongen stod det 0-2 etter åtte minutt, men Åga kom inn i kampen att på ei rask kontring som vart avslutta med eit flott langskot av Daniel. [...]
Smågutelaget: Sjå bak resultatet!
aga-gh
Det er ikkje alltid at resultatet fortel alt om ein kamp. Slik var det med smågutekampen mellom Åga og Bossmo & Ytteren på Hauknesbanen. Åga-spelarane leverte ein kjempekamp. Det var full innsats frå absolutt alle mann, tette markeringar, reale taklingar, fintar, godt pasninsspel og sjansar til Åga.
Dessverre heldt ikkje dette denne gongen. Det vart [...]
Smågutelaget: Klart tap, men god 2. omgang
aga-gh
Smågutelaget gjekk på eit klart tap mot Mo på Moheia. 1-6 stod det etter 1. omgang, men da hang ikkje Åga med. I 2. omgang var det eit heilt anna Åga-lag som entra banen. No var det innsats og kampvilje over heile linja, det vart gått realt til i taklingane, og spelarane hadde tru på [...]
Smågutelaget: Sterk 4-1 siger over Gruben
aga-gh
Smågutelaget kunne notere den første sigeren for sesongen i heimekampen mot Gruben 13. mai. Som vanleg måtte vi konstatere at motstandaren hadde spelarar som var større og kraftigare enn gutane våre. Men fotballkampar blir aldri avgjort på høgde over havet. Det er kva ein kan gjera med lærkula som gjeld, og der var Åga klart [...]
Smågutelaget: Framgang mot Nesna
aga-gh
Smågutelaget viste fin framgang i heimekampen mot Nesna, sjølv om det til slutt vart tap 0-1. Åga kom best i gang, og allereie etter eit halvt minutt spratt ballen i stolpen hos Nesna, men gjekk dessverre ikkje inn. I aller siste speleminutt av 1. omgang fekk Nesna ballen i mål frå skrått hald.
Kampen sett under [...]
Tøff sesongstart for smågutane
aga-gh
Det vart ein tøff sesongstart for smågutelaget borte mot Bossmo & Ytteren. At det skulle bli tøft, var ingen overraska over, for B&Y har eit godt lag, men det var ein kalddusj at B&Y skåra allereie på det første angrepet sitt. I resten av 1. omgang vart det mest B&Y, og Åga greidde ikkje å skape [...]
Systempost
admin
Gruppene må ha tilhørende Poster for å vises i menyen.
Denne fjernes når egne poster tilordnes.
Jenter 10 96/97, Jenter 91-93, Lillegutter 96, Lillegutter 97, Lillejenter 96, Lillejenter 97, Minigutter 98, Minigutter 99, Minijenter 99, Miniputter 2000, Miniputter 2001, Smågutter 94-95, Småjenter 94, Småjenter 95










